Utflytting frå Valdres

Fra VSHL tidsskrift nr. 3 1986.

Frå Valdres som frå mange andre distrikt har det gått for seg mye utflytting opp gjennom tidene. Og her skal vi sjå litt på ein del frå Valdres som flytte til Toten. Opplysningane er frå kyrkjeboka for Toten, der flyttelistene ikkje tek til før i 1814. Men sjølvsagt har det vore flytting lenge for den tid, noko ein kan sjå i vigselslistene. Det å flytte frå ei bygd til ei anna eller frå eit distrikt til eit anna var ei viktig sak i livet, og ein ser derfor at storparten av dei som flytter er under tretti år og som regel ugifte. Vi skal så sjå på ein del av dei som flytte til Toten:

1816

Lars Nilsen Børsvolden 34 år kom til Toten frå Vang i Valdres, faren heitte visstnok Nils Rollandsen og Lars Nilsen vart gift 1. gong 1816 med Siri Eriksdtr. Børsvolden og dei fekk to barn, Lars Nilsen var lærar mellom anna i 1836, Så vart han gift andre gong 1829 med Anne Jensdtr. Haukåsstuen som var fødd på Hadeland ca. 1781.

1817

Ungkar Gulbrand Halvorsen 26 år, tenar på Rogneby,, kom frå Sør Aurdal og vart gift 1817 med Kari Johnsdtr. Kraby,. Gulbrand døde som legdslem i 1864.

Guri Sy,versdtr. pike, tenar, kom frå Sør Aurdal, 30 år gamal.

Pige Kari Olsdtr. 24 år tenar, kom frå Sør Aurdal.

1818

Gardbrukar Lars Jensen 34 år og hustru Kari Johanesdtr. 26 år, kom frå Aurdal, kjøpte garden Hjelpestein og hadde 7 barn.

Marit Eriksdtr. Espeseth, 30 år, tenar og

Guri Nilsdtr. Espeseth, 26 år, tenar, kom båe til Toten frå Aurdal.

Pige Berte Halvorsdtr. 29 år, tenar, kom frå Sør Aurdal.

 

 

1819

Marit Gundersdtr. Brænna, pige, 28 år, tenar, kom frå Nord Aurdal.

Enke Dorte Olsdtr. Bacch (?) 57 år tenar kom frå Nord Aurdal.

Pige Guri Johanesdtr. pige 39 år tenar, kom frå Nord Aurdal.

Siri Eriksdtr. pige 26 år, tenar på Øverby,, kom frå Sør Aurdal.

 

 

1820

Ragnhild Johanesdtr. 23 år, tenar i prestegarden, kom frå Nord Aurdal.

Ungkar Anders Johansen, tenar Nesterud, kom til Toten frå Slidre.

Pige Siri Jensdtr. tenar, kom frå Nord Aurdal.

 

Som ein ser kom det da ein del valdrisar til Toten alt før 1820, fleire av dei var tenarar, andre fekk seg kjøpt gard. Truleg var talet på innflyttarar frå Valdres større enn frå Gudbrandsdalen, og det var naturleg ettersom Valdris låg nærare.

Dei opplysningane som her er presenterte er henta frå kyrkjeboka men ein del opplysningar er føyd til etter slektsarkivet på Toten Museum. Kyrkjeboka er primaerkjelda også her, og det er berre synd at det ikkje langt tidlegare vart ført flyttelister.

Ein vil også finne nyttige opplysningar i folketellingane for 1865 og 1875. I dag lever det mange på Toten som har noen av røtene sine i Valdres.

Når det gjeld å identifisere innvandrarane, så er ikkje det støtt så lett. Dersom ein veit kor gamle dei var, så blir det å bla i kyrkjebøkene på det aktuelle tidspunkt, men det er også mykje som talar for at ein lyt ta for seg fleire år, for det er ikkje støtt at aldersoppgavene stemmer. Det er også ofte nyttig å sjå etter i konfirmantlistene.

I dei tilfelle da ein ikkje veit kor gamal vedkomande var, blir det straks verre å finne ut kven han/ho var. Og da md ein bruke elimineringsmetoden for om mogleg å finne fram til den rette personen. Eit eksempel er ungkar Anders Johansen frå Slidre som kom til Toten 1820, men det er ikkje opplyst kor gamal han var. Også når det gjeld tilfang om dei som fløtte ut, kan den munnlege tradisjonen gje nyttige tips.